Kjepso er ein gammal, veglaus gard som ligg spektakulært til på ei fjellhylle rundt 250 meter over Hardangerfjorden, nokre kilometer aust for Ålvik. Garden vart kjend gjennom NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Frå hovudvegen går det ein kort, bratt og fin sti opp til garden, med flott utsikt over fjorden.